Autosøk

Denne jobbannonsen har utløpt

Tømrer/betongarbeider

Arbeidsoppgåver

Skarpteigvegen 5, 6854 Kaupanger

Stillingsbeskrivelse

Damfjell AS er i vekst, og me ønskjer å få med fleire dyktige folk på laget.

Me ser etter deg som likar å ta ansvar, trivst med variert arbeid og ønskjer å vere med å bygge prosjekt du kan vere stolt av. Hos oss får du jobbe i eit mindre firma med korte beslutningsvegar, godt arbeidsmiljø og stor påverknad på eigen arbeidskvardag. Me har prosjekt hovudsakleg i Vestland, og det må reknast med noko reising. Me tilbyr fleksible arbeidsordningar/innarbeidsordningar der det let seg kombinere med prosjekta våre.

Arbeidsoppgåver

Tømrararbeid

  • Oppføring av bustader, hytter og mindre næringsbygg.
  • Reisverk, tak, kledning, innvendig tømrararbeid og rehabilitering.
  • Arbeid etter teikningar og beskrivingar.
  • Bidra til god kvalitet, sikkerheit og effektiv framdrift.

Betongarbeid

  • Forskaling, armering og støyping.
  • Plasstøypte konstruksjonar som murar, fundament, dekker og kantar.
  • Bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø.

Damfjell AS er ein entreprenør med base i Kaupanger i Sogndal kommune. Me utfører varierte prosjekt innan betong-, tømrar-, grunn- og anleggsarbeid for offentlege byggherrar, næringskundar og private over heile Vestland. Me er ISO-sertifisert etter ISO 9001, ISO 14001 og ISO 45001, og legg stor vekt på kvalitet, HMS og godt handverk.

Krav

  • Du har erfaring som tømrar, betongarbeidar eller frå anleggsbransjen.
  • Du har fagbrev, noko som er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Du er sjølvstendig og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver.
  • Du likar å finne gode løysingar i kvardagen.

Ferdigheter

TømrararbeidBetongarbeidForskalingArmeringStøypingHMS-forståingTeikningsforståing

Erfaring

mid-level

Lignende jobber