Autosøk

Seksjonsleiar - utvikling og teknologi

Kvalifikasjonar

Brattørkaia 15, 7010 Trondheim

Stillingsbeskrivelse

Seksjonsleiar - utvikling og teknologi

Har du erfaring med å leie utviklingsarbeid? Synest du det er spennande å bevege organisasjonar i retning av å jobbe produktorientert? Veit du kva som skal til for å utvikle moderne, effektive og trygge løysingar på .net, powerplattform og andre rammeverk? Og har du i tillegg erfaring frå å leie flinke folk? Ja då er det deg vi ser etter i den nyoppretta stillinga vår som leiar for Utvikling og teknologiseksjonen!

I Miljødirektoratet har vi mange skreddarsydde IT-produkt som vi bruker til å løyse oppgåvene i samfunnsoppdraget vårt. Fram til no har vi nytta oss av konsulenthus i systemutviklinga, medan strategien vår no er å byggje opp eit kompetansemiljø med internt tilsette utviklarar. Vi søkjer derfor etter ein trygg og tydeleg leiar som vil byggje opp den nye seksjonen vår for utvikling, teknologi og KI.

Dette er ei rolle for deg som trivst i skjeringspunktet mellom teknologi, menneske og forretning. Du evnar å sjå heilskapen, ta gode tekniske avgjerder og samtidig bidra operativt når det trengst. Du blir motivert av å byggje produkt som skaper reell verdi for kundane, og du ser moglegheitene som ligg i ny teknologi og kunstig intelligens.

Stillingas hovudansvarsområde

  • Fagleg leie og vidareutvikle den nye seksjonen som vil romme ca. 15 dyktige tilsette.
  • Sikre nok kapasitet til å gjennomføre viktige oppgåver.
  • Vidareutvikle systemutvikling, arkitektur og metodikk.
  • Ha overordna ansvar for systemarkitektur og teknologiske vegval.

Vi tilbyr

  • Fast stilling som seksjonsleiar med lønn i spennet frå kr. 1 000 000 til kr. 1 200 000 etter erfaring og kvalifikasjonar.
  • Ein spennande og utfordrande leiarjobb i ei meiningsfull rolle i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag.
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • Eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar - inkludert trening i arbeidstida.
  • Fleksible arbeidstidsordningar og pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse.

Krav

  • Du har relevant mastergrad, eller bachelorgrad med jobberfaring som kompenserer for utdanningskravet på masternivå.
  • Du har erfaring frå å leie team og som Tech Lead, arkitekt eller senior utviklar.
  • Du har inngåande kunnskap om utvikling med god kvalitet, utviklingsflyt og kontinuerleg forbetring av arbeidsmetodar.
  • Du har erfaring frå å utforske, evaluere og implementere relevante AI-løysingar og innovasjonstiltak.
  • Du må evne å utfordre tekniske miljø og stå trygt i komplekse tekniske diskusjonar.

Ferdigheter

TeamledelseSystemutvikling (.NET/Power Platform)SystemarkitekturKunstig intelligens (KI)Produktorientert utviklingMetodikk og utviklingspraksisStrategisk ledelse

Lønn

1 000 000 - 1 200 000 NOK

Erfaring

senior

Lignende jobber