Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga og Nordhordland legevakt
Vi har no ledig ein fast 23 % stilling på natt med arbeid kvar 3. helg ved Nordhordland legevakt. Nordhordland legevakt er ei interkommunal legevakt for 7 medlemskommunar (Austrheim, Fedje, Gulen, Alver, Masfjorden, Modalen og Osterøy). Legevakta ligg sentralt i Knarvik og er ein flott arbeidsplass i nytt helsehus. Legevakta er organisert etter vertskommunemodell med Alver kommune som vertskommune. Befolkninga i vårt område utgjer ca. 46 000 innbyggjarar.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og triagering av pasientar
- Vurdere, observere og behandle akutt sjuke pasientar i tett samarbeid med lege
- Prøvetaking og laboratoriearbeid
- Dokumentasjon i journalsystem (Infodoc)
Vi tilbyr
- Fagleg spennande og utfordrande oppgåver
- Sjukepleiare i Alver kommune har pr. dd. kr 10 000,- over garantilønn i tariffavtalen
- Godt arbeidsmiljø
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltredelse.
Krav
- Du må vere autorisert sjukepleiar, eller medisinstudent som har fullført 3. året.
- Sjukepleiarstudentar som er ferdig utdanna sommar 2027 kan også vurderast.
- Du må ha interesse og motivasjon for arbeid på legevakt.
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må like å arbeide både sjølvstendig og i team.
- Du må trivast med høgt arbeidstempo og varierte oppgåver.
Ferdigheter
SjukepleieTriageringAkuttmedisinLaboratoriearbeidDokumentasjonSamarbeidsevnerKommunikasjon
Lønn
Sjukepleiare i Alver kommune har pr. dd. kr 10 000,- over garantilønn i tariffavtalen
Erfaring
junior