Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Butenesta i Haram søkjer miljøterapeut i 2x 100 % fast stilling. Stillinga er for tida plassert ved Haram bustader 1.
Vi tilbyr spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø. Turnus er for tida dag- og kveldsvakter, samt langvakter kvar 3. helg. Stillinga er ledig frå 17. august 2026, eller etter avtale.
Haram bustader yter i hovudsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Vi har fokus på fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje.
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
- Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga.
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
- Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
- Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
- Gruppeleiar med primæransvar.
- Legemiddelhandtering
Krav
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag.
- Du må ha erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming.
- Du må meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
- Du må ha førarkort klasse B.
- Du bør ha erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
- Erfaring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er ein fordel.
Ferdigheter
MiljøarbeidLegemiddelhandteringFagutviklingRettleiingDokumentasjonTverrfagleg samarbeidKoordinering
Erfaring
mid-level