Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Mann på 32 treng assistentar (fast og tilkalling)
Eg er ein kjekk kar i byrjinga av 30-åra som søkjer nye BPA-assistentar. Dette er ein jobb for deg som har godt humør, pågangsmot og ikkje er redd for å bli skitten på hendene. Eg har fleire ledige stillingar, både fast 60% og som tilkalling (ved sjukdom/høgtid/ferier).
Eg er interessert i landbruk, politikk, fest og eg har eit spesielt forhold til god whisky. Grunnen til at eg treng assistanse er at eg har ein progressiv sjukdom som gjer at eg sit i rullestol, har problem med å styre armer og bein, og store utfordringar med tale og syn.
Jobben er så variert at det er vanskeleg å skildre, men den går i hovudsak ut på å vera mine armar og bein og auge. Eg treng hjelp til alt av kvardagslege gjeremål som til dømes personleg hygiene, mat, husstell og liknande. I tillegg liker eg reising, konserter og alt som gjev adrenalin. Arbeidstida er morgon eller kveldsvakt, altså 08:00-15:30 og 16:30-00:00.
Oppstart vil vere så snart som mogleg!
Kven vil trivast hos meg:
- Du er løsningsorientert og likar folk
- Du må ha ein god dose humor og tålar ein spøk
- Eg er spontan og ynskjer at du deler denna eigenskapen
Krav
- Du må vere påliteleg, samt ha godt humør og vere positiv.
- Du kan ikkje ha rulleblad.
- Du må ha førerkort klasse B.
- Du må vere løsningsorientert og like å jobbe med folk.
- Du må tåle ein spøk og ha ein god dose humor.
Ferdigheter
Erfaring
entry-level, junior