Vikariat assistent
Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune
Gjerdebakken 55, 6265 Vatne, Trolldalssletta 18, 6264 Tennfjord
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Vikariat assistent
Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – som blir aktivt brukt gjennom heile året. Barnehagen har 83 barn og 24 tilsette fordelt på fem basar. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Visjonen vår er: "Vi gjer kvarandre gode".
Vi søker deg som er aktiv, leiken, omsorgsfull og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du brennande engasjert i barn og ønsker å bidra til å gi dei ein god oppvekst? Då håper vi at akkurat du skal søke på stillinga hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn.
- Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa.
- Bidra til at kvart enkelt barn får medverke og oppleve positiv grensesetting.
- Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet.
- Delta aktivt i barnehagen sitt endrings- og utviklingsarbeid.
- Gjennomføre systematisk observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar.
- Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt.
Krav
- Du må ha gode norskkunnskapar i tråd med Barnehagelova §27.
- Du må kunne jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer.
- Du må kunne levere godkjent politiattest av nyare dato.
- Du må vere ein aktiv, leiken, engasjert og trygg vaksen.
- Du må kunne samarbeide godt med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar.
Ferdigheter
OmsorgsevnePedagogisk forståingSamarbeidsevnerObservasjonsevneLøysingsorientertFleksibilitet
Erfaring
entry-level, junior, mid-level, senior, lead, executive