Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Medisinsk operatør i AMK – 60 % nattstilling
Vil du vere med og redde liv – kvar dag? AMK-sentralen (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) søkjer ein engasjert og fagleg sterk medisinsk operatør. Hos oss får du ei sentral rolle i den akuttmedisinske kjeda, der du handterer naudtelefonar, koordinerer ambulanseoppdrag og samarbeider tett med andre naudetatar for å sikre rask og rett hjelp til pasientane våre.
Dette er ei stilling for deg som klarer å halde roen når det hastar. Du kommuniserer tydeleg, stiller gode spørsmål og trivst med å jobbe tett saman med andre når presisjon og raske vurderingar betyr mykje.
Kva går jobben ut på?
- Svara på naudtelefonar 113.
- Koordinera ambulansedrifta for AMK Haugesund og akutte helseressursar.
- Samhandla med andre naudetatar og samarbeidspartnarar.
- Registrera, dokumentera og oppdatera hendingar.
- Varsla ved beredskap.
- Delta i øvingar og fagleg utvikling.
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar, paramedisinar eller ambulansearbeidar.
- Du må ha gode IT-kunnskapar.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Du må kunne kommunisere tydeleg og roleg, også når situasjonen hastar.
- Du må kunne jobbe strukturert og nøyaktig, både sjølvstendig og i team.
Ferdigheter
AkuttmedisinKommunikasjonIT-ferdigheterSamhandlingDokumentasjonKrisehåndtering
Erfaring
mid-level