Autosøk

Vernepleiar/sjukepleiar 100% vikariat

Åheim, Tokke kommune

Ivirovegen 13, 3880 Dalen

Stillingsbeskrivelse

Vernepleiar/sjukepleiar 100% vikariat

Åheim bufellesskap ligg idyllisk til ved elva i Tokke kommune. Eininga yter tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar i alle aldrar, både til dei som bur i bufellesskapet og til heimebuande. Her jobbar det vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar i årsturnus med lange vakter. Me arbeider for at tenestemottakar skal ha eit meiningsfylt liv med moglegheitar til deltaking i samfunnet på lik linje med andre.

Me har også eit dagsenter/tilrettelagt arbeidsplass som heiter BABU. Motto vårt er; "Me sprer gleder". Der arbeider me med ulike oppgåver som henting og sortering av tomgods, vedproduksjon, vedlikehald av grøntareal, ulike tenestar for kommunen og prosjekt for å spreie gleder i bygda.

Arbeidsoppgåver

  • Praktisk bistand, miljøarbeid, opplæring og rettleiing til tenestemottakar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak
  • Skape ein trygg og føreseieleg kvardag for tenestemottakar
  • Planlegge sjølvstendig og ta avgjersler
  • Ta ansvar for planer, tiltak og IP
  • Dokumentere i journalsystem
  • Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre innstansar

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med gode arbeidskollegaer
  • Spanande og variert arbeidskvardag, med interessante arbeidsoppgåver
  • God opplæring
  • Godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
  • Gode kommunale arbeidsvilkår
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjonsordningar i KLP

Krav

  • Du må vere offentleg godkjent vernepleiar eller sjukepleiar.
  • Du må ha gode norskferdighetar, både skriftleg og munnleg.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, vere strukturert og engasjert.
  • Du må kunne legge fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.

Ferdigheter

MiljøarbeidDokumentasjon i journalsystemTverrfagleg samarbeidRettleiingSjølvstendig arbeidLøysingsorientert

Erfaring

mid-level

Lignende jobber