Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Vernepleiar/sjukepleiar 100% fast
Åheim bufellesskap ligg idyllisk til ved elva i Tokke kommune. Eininga yter tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar i alle aldrar, både til dei som bur i bufellesskapet og til heimebuande. Me arbeider for at tenestemottakar skal ha eit meiningsfylt liv med moglegheitar til deltaking i samfunnet på lik linje med andre.
Me har også eit dagsenter/tilrettelagt arbeidsplass som heiter BABU. Motto vårt er; "Me sprer gleder". Der arbeider me med ulike oppgåver som henting og sortering av tomgods, vedproduksjon, vedlikehald av grøntareal, ulike tenestar for kommunen og prosjekt for å spreie gleder i bygda.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand, miljøarbeid, opplæring og rettleiing til tenestemottakar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak.
- Skape ein trygg og føreseieleg kvardag for tenestemottakar.
- Planlegge sjølvstendig og ta avgjersler.
- Ta ansvar for planer, tiltak og IP.
- Dokumentere i journalsystem.
- Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre innstansar.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med gode arbeidskollegaer.
- Spanande og variert arbeidskvardag, med interessante arbeidsoppgåver.
- God opplæring.
- Godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling.
- Gode kommunale arbeidsvilkår.
- Gode pensjonsordningar i KLP.
Krav
- Du må vere offentleg godkjent vernepleiar eller sjukepleiar.
- Du må ha gode norskferdighetar, både skriftleg og munnleg.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må kunne arbeide i årsturnus med 12-timars vakter og arbeid kvar 4. helg.
- Du må kunne legge fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.
Ferdigheter
MiljøarbeidDokumentasjon i journalsystemRettleiingTverrfagleg samarbeidSjølvstendig planleggingServiceinnstilling
Erfaring
mid-level