Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Psykologspesialist/psykolog
Psykiatrisk klinikk har ledig 100 % fast stilling som psykologspesialist/psykolog ved Psykiatrisk klinikk, DPS dag i Førde.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet vil bestå av akutte vurderingar av pasientar som er i behov av rask psykisk helsehjelp, korte intervensjonar, behandling for ein allmenn pasientpopulasjon, samt rådgjeving og rettleiing til kommunane. Viktige samarbeidspartar vil vere fastlege, legevakt og den kommunale psykiatritenesta. Den som blir tilsett vil vere med og utvikla tenestetilbodet. Ved interesse kan det være aktuelt å jobbe i FACT team.
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Rettleiing og deltaking på kurs som ledd i spesialistutdanning for psykologar som er under utdanning til å bli psykologspesialist
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som psykolog.
- Du må kunne kommunisere godt på norsk både skriftleg og munnleg.
- Ikkje-nordiske statsborgarar må ha bestått norsktest på B2-nivå.
- Du må inneha førarkort klasse B.
Ferdigheter
Klinisk psykologiAkuttvurderingTverrfagleg samarbeidBehandling og intervensjonRådgjeving og rettleiingKommunikasjon
Erfaring
mid-level