Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Kommunedirektør
Visjonen for kraftkommunen Høyanger er å vere ein aktiv og framtidsretta samfunnsutviklar med verdiane kraftfull, skapande og inkluderande. Som vår nye kommunedirektør skal du saman med omlag 600 engasjerte medarbeidarar og politikarar sette mål i tråd med dette.
Ansvar og oppgåver
- Leiing av organisasjonen med fokus på godt samarbeid, strategi, heilskap, endringsleiing og god personalleiing
- Effektiv drift og vidareutvikling med fokus på kvalitet og effektivitet innan gitte økonomiske rammer
- God økonomistyring og rapportering
- God sakshandsaming og effektiv oppfølging av politiske vedtak
- Pådrivar og tilretteleggjar for samfunns- og næringsutvikling
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling som toppleiar med stor påverknad på viktige samfunnsområde i nært samspel med politisk nivå
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein utviklingsorientert organisasjon
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og motiverte medarbeidarar
- Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP
Krav
- Du må ha relevant utdanning frå høgskule eller universitet.
- Du må ha leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd med dokumenterte gode resultat.
- Du må ha god kjennskap til kommunal verksemd.
- Du må inneha grunnleggjande økonomikompetanse og forståing.
- Du må ha kompetanse og erfaring innan personalleiing.
Ferdigheter
Strategisk leiingEndringsleiingØkonomistyringPersonal- og organisasjonsutviklingPolitisk forståingSamfunnsutviklingKommunikasjon
Erfaring
executive