Styrar og pedagogisk leiar
FINN-kode
Øygarden KFUK KFUM åpen barnehage avd Straume, Sartorvegen, 5353 Straume
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Styrar og pedagogisk leiar
KFUK-KFUM Øygarden ser etter ein engasjert styrar og pedagogisk leiar som vil byggje fellesskap for småbarnsfamiliar i open barnehage.
Om stillinga
KFUK-KFUM Øygarden søkjer ein trygg og engasjert styrar / pedagogisk leiar i 60 % fast stilling til Open barnehage. Stillinga passar for deg som ønskjer å kombinere pedagogisk arbeid, leiing og relasjonsbygging i eit tilbod for barn frå 0-6 år og deira omsorgspersonar.
Open barnehage er ein godkjend barnehage med tre avdelingar på Straume, Landro og Fjell. Tilbodet er gratis og retta mot barn saman med ein vaksen omsorgsperson. Som styrar / pedagogisk leiar får du ansvar for den daglege drifta og den pedagogiske verksemda, og du blir ein del av det samla arbeidet i KFUK-KFUM Øygarden.
Arbeidsstaden vil vere på alle tre avdelingane, men arbeidstida vil i hovudsak vere knytt til Straume. Det må reknast med noko arbeid på kveldstid og i helgar.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle Open Barnehage i tråd med gjeldande regelverk og pedagogiske mål.
- Ansvar for dagleg drift, pedagogisk planlegging, koordinering og oppfølging av aktivitetar, samt administrative oppgåver.
- Planleggje og gjennomføre aktivitetar saman med tilsette, barn og omsorgspersonar.
- Samarbeide med kollegaer, frivillige og eksterne samarbeidspartnarar.
- Synleggjere tilbodet gjennom informasjon, arrangement og sosiale medium.
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull og variert stilling med høve til å påverke og utvikle eit viktig tilbod for småbarnsfamiliar.
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og eit breitt fellesskap i KFUK-KFUM Øygarden.
- Løn etter tariffavtale og god pensjonsordning.
- Den som blir tilsett må leggje fram tilfredsstillande politiattest før tilsetjing.
Krav
- Du må ha barnehagelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk høgskuleutdanning.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må vere ein trygg og relasjonsskapande leiar som trivst med ansvar.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ta initiativ.
- Du må kunne leggje fram tilfredsstillande politiattest før tilsetjing.
Ferdigheter
Lønn
Løn etter tariffavtale
Erfaring
mid-level