Autosøk

Helsefagarbeidar - 100 % fast

Arbeidsstad

Holen 1, 5200 Os

Stillingsbeskrivelse

Helsefagarbeidar - 100 % fast

Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!

Heimetenester Os har ledig ein fast stilling som helsefagarbeidar i Ressursbemanningsavdelinga. Stillinga er i turnus med arbeid på helg, etter gjeldande turusavtale.

Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidare. Vårt mål er at alle brukare skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Vi ønskjer ein fleksibel og løysningsorientert medarbeidar, og håpar at du vil vera med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
  • Delta i utarbeiding av gode system og rutinar
  • Dokumentera helsehjelp i Profil
  • Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde
  • Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
  • Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert

I Ressursbemanningsavdelinga må ein kunne arbeide på tvers av alle avdelingar, avhengig av kvar behovet er størst.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Krav

  • Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
  • Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått Bergenstest på høgare nivå.
  • Du må kunne leggja fram politiattest.

Ferdigheter

Klinisk sjukepleieDokumentasjon i ProfilSamarbeidsevnerKommunikasjonFleksibilitetLøysingsorientert arbeidsform

Erfaring

mid-level

Lignende jobber