Vil du vere med og ta vare på kyrkja og kyrkjegarden?
Øygarden kyrkjelege fellesråd
Landrodalen 5, 5363 Ågotnes
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Vil du vere med og ta vare på kyrkja og kyrkjegarden?
Er du engasjert, praktisk anlagt og likar å arbeide både ute og inne? Har du interesse for grøntfaget og trivst med varierte arbeidsoppgåver? Då kan dette vere rette jobben for deg! Vi har no ledig ei fast, delt stilling som kyrkjegardsarbeidar og kyrkjetenar.
Du vert ein del av teamet som har ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjegardane våre, slik at dei er velstelte og verdige gjennom heile året. Samstundes vil du ha ei viktig rolle som kyrkjetenar, der du bidreg til praktisk tilrettelegging og gjennomføring av kyrkjelege handlingar.
Arbeidsoppgåver
- Graving og vedlikehaldsarbeid på kyrkjegardane i Øygarden.
- Vidareutvikling av kyrkjegardane som parkmessige områder.
- Kyrkjetenaroppgåver: Ivareta praktisk tilrettelegging før, under og etter gudstenester, kyrkjelege handlingar og kyrkja sine andre aktivitetar.
Krav
- Du må vere medlem av Den norske kyrkja.
- Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
- Det er ønskjeleg med fagbrev som gartnar, anleggsgartnar, maskinførar eller grunnarbeidar.
- Personar utan formelle faglege kvalifikasjonar vil kunne bli vurdert med utgangspunkt i dokumentert arbeidserfaring.
Ferdigheter
Praktisk anlagtGrøntfagleg kompetanseVedlikehaldsarbeidServiceinnstiltSamarbeidsevnerStrukturert
Erfaring
mid-level