Autosøk

Tilkallingsvikar fagarbeidar og assistent i barnehage, barnehageåret 2026/2027

Volda kommune, Avdeling barnehage

Stormyra 2, 6100 Volda

Stillingsbeskrivelse

Tilkallingsvikar fagarbeidar og assistent i barnehage, barnehageåret 2026/2027

Volda kommune treng til ei kvar tid fagarbeidarar og assistentar som kan tenke seg å vere tilkallingsvikar i dei kommunale barnehagane. Denne utlysinga gjeld for barnehageåret 2026/2027.

Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men til ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet er knytt til barn i barnehagealder, 1-5 år.
  • Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel.
  • Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare periodar.
  • Stillingsstorleik kan variere etter behov.

Det er styrar ved den einskilde barnehage som gjer avtale med tilkallingsvikar.

Krav

  • Du må ha høve til å stille opp på kort varsel.
  • Det er ønskeleg med godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller innan helsefag.
  • Søkarar med anna relevant erfaring kan også bli vurdert.
  • Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde i vurderinga.

Ferdigheter

BarnehageerfaringPedagogisk arbeidKommunikasjon med barnFleksibilitetSamarbeidsevner

Erfaring

entry-level

Lignende jobber