Autosøk

Vil du vere med å forme framtida for ungdomsarbeidet vårt?

Øygarden kyrkjelege fellesråd

Austre Skiftedalsveg 25, 5354 Straume

Stillingsbeskrivelse

Vil du vere med å forme framtida for ungdomsarbeidet vårt?

Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer ein engasjert ungdomsprest som kan ta åndeleg og strategisk leiaransvar for ungdomsarbeidet vårt. Som ungdomsprest blir du ein del av det tverrfaglege teamet i Foldnes sokn, med hovudbase i Foldnes kyrkje.

Arbeidsoppgåver

  • Åndeleg og strategisk leiing av ungdomsarbeidet.
  • Hovedkontakt for konfirmantåret og ansvar for konfirmantundervisning.
  • Gudstenestearbeid og involvering av ungdom i gudstenesta.
  • Leiarutvikling for ungdom og gjennomføring av leirar.
  • Etablere og organisere bibelgrupper eller andre tiltak for tweens og ungdom.
  • Oppfølging av medarbeidarar og frivillige.

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid.
  • Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit stort og kreativt arbeidsfellesskap.
  • Løn og arbeidstilhøve følgjer tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
  • Pensjonsmedlemskap i KLP.

Krav

  • Du må vere ordinert prest eller i nær framtid ordinerast til presteteneste i Den norske kyrkja.
  • Søkar må vere medlem av Den norske kyrkja.
  • Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
  • Du må kunne leggje fram tilfredsstillande politiattest i tråd med Trossamfunnsloven.
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner på norsk, munnleg og skriftleg er påkravd.

Ferdigheter

Åndeleg leiingStrategisk planleggingKonfirmantundervisningRelasjonsbyggingLeiarutviklingFormidlingsevne

Erfaring

mid-level

Lignende jobber