Autosøk

Teamleiar med fagansvar

Suldal kommune Erfjord skule

Erfjordvegen 16, 4233 Erfjord

Stillingsbeskrivelse

Teamleiar med fagansvar

Erfjord skule er ein 1. – 7. skule med om lag 75 elevar. Skuleåret 2026 – 2027 består laget vårt av om lag 8 årsverk lærarstillingar, 4 årsverk fagarbeidarstillingar, og 1,3 årsverk leiing.

Suldal kommune Helse & Oppvekst, fortida lokasjon Erfjord skule søkjer etter vikar i 80% stilling med oppstart så snart som mogleg. Stillinga er knytt til eitt team kring enkeltbarn. Som fagleiar i teamet, vil ditt arbeid vera å koordinera, rettleia og følgja opp medarbeidarar i teamet. Du vil i samarbeid med rektor ha hovudansvar for kommunikasjon med heimen og støtteinstansar kring enkeltelev.

Som teamleiar vil du jobba administrativt deler av tida, men i det ordinære og på dagleg basis også vere del av opplæringsmiljøet.

Arbeidet ditt som team-leiar vil blant anna bestå av:

  • Samarbeids-møter med leiinga.
  • Rapportere oppover og iverksette vedtak nedover.
  • Ha hovudansvar for kommunikasjon med heim og støtte-instansar kring eleven, i samarbeid med rektor.
  • Utarbeide tiltak, rutinar og instruksjonar til bruk i dagleg drift.
  • Ha ansvaret for å planlegge og lede felles statusmøter med leiing, støtte-instansar og andre deltakarar i laget rundt barnet.
  • Ha ansvar for å planlegge og lede jamnlege utviklingsmøter i teamet.
  • Modellere og instruere teamet om praktisk handtering i elevmiljø.
  • Informere ut, kurse og rettleie øvrig personalgruppe og føresettgrupper etter behov.

Krav

  • Du må ha ein 3-årig bachelor innan helse- og sosialfaglege yrker eller pedagogikk.
  • Det er krav om tilleggsutdanning på høgskulenivå innan relevante felt som spesialpedagogikk eller sosial-pedagogikk.
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og evne til å bygge relasjonar.
  • Det er eit føremon om du har tidlegare leiarerfaring.
  • Du må ha førarkort klasse B.
  • Det er krav om godkjend politiattest ved oppstart.

Ferdigheter

KoordineringRettleiingRelasjonsbyggingAdministrasjonKommunikasjonSpesialpedagogikkLeiarerfaring

Erfaring

mid-level

Lignende jobber