Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Psykolog - tilrettelagt tannhelsetilbod (TOO/TBiT)
Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har ledig 50–100 % fast stilling som psykolog. Stillinga inngår i tannhelsetenesta sitt TOO-team (tannhelsetilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med odontofobi), kombinert med arbeid i TBiT (Trygge Barn i Tannbehandling).
Arbeidsoppgåver
- Jobbe med tannlege og tannhelsesekretær i tverrfagleg team.
- Diagnostisere og vurdere pasientane før angstbehandling hos tannlege.
- Gjennomføre eksponeringsbehandling i tverrfagleg team.
- Arbeid både innan TOO og TBiT.
- Utadretta rettleiing og informasjonsarbeid.
- Rettleiing av tannlegar og tannhelsesekretærar i forhold til pasientbehandling.
- Bidra i kompetanseutvikling om pasientgruppane i prosjektet.
Vi tilbyr
- Ein variert og spennande kvardag på ein arbeidsplass i utvikling.
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling.
- Offentleg pensjonsordning og gunstige forsikringsvilkår (medlemskap i KLP).
- For ikkje-spesialistar vil det bli lagt til rette for relevant spesialiseringsløp.
Krav
- Du må vere psykologspesialist eller psykolog med godkjent norsk autorisasjon.
- Du må ha erfaring med bruk av kognitiv åtferdsterapi og ønske om å anvende metodikken i tverrfagleg team.
- Du må ha erfaring frå angstbehandling.
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og gode samarbeidsevner.
- Du må kunne uttrykke deg flytande og lett forståeleg både munnleg og skriftleg på norsk eller skandinavisk.
Ferdigheter
Kognitiv åtferdsterapiAngstbehandlingTverrfagleg samarbeidRettleiingDiagnostiseringPasientbehandling
Erfaring
mid-level