Autosøk

Helsefagarbeidar 100% fast i turnus med hovedvekt av langvakter

FINN-kode

Sentralt på Manger, 5936 Manger

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Me søkjer ein engasjert og fagleg dyktig helsefagarbeidarar til fast tilsetjing. Arbeidet går ut på å gje trygg helsehjelp og praktisk bistand etter vedtak, i heimen til menneske med nedsett funksjonsevne.

Stillinga er fast 100 % med arbeid kvar fjerde helg, hovedsakleg langvakter med innslag av nokre ordinære vakter i årsturnus. Her får du eit meiningsfylt arbeid der du blir ein del av ei trivelig og støttande personalgruppe.

Arbeidsoppgåver

  • Gje heilskapleg helsehjelp og praktisk bistand tilpassa individuelle vedtak
  • Skape tryggleik, struktur og gode dagar gjennom målretta miljøarbeid
  • Vere primærkontakt og ha ei sentral rolle i oppfølginga av tenestemottakarar
  • Rettleie elevar og lærlingar, og bidra til læring og fagleg utvikling i avdelinga
  • Sikre god og presis dokumentasjon i elektronisk journalsystem
  • Handtere medikament på ein trygg og fagleg forsvarleg måte
  • Følgje opp vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
  • Samarbeide tett med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar for å gi best mogleg oppfølging

Me tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein konkret forskjell i livet til andre!
  • Eit godt fagmiljø med oppfølging, rettleiing og støtte i kvardagen
  • Nærverande leiing som ser deg og støttar deg i arbeidshandteringa
  • Årsturnus med moglegheit for innspel på eiga arbeidstid
  • Gratis parkering
  • Løn for helsefagarbeidar frå kr 475 300 til kr 551 100, avhengig av lønsansiennitet
  • God pensjonsordning i KLP

Krav

  • Du må vere offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar.
  • Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Du må kunne handtere krevjande situasjonar med ro og tydelegheit.
  • Du må ha evne til etisk og fagleg refleksjon.

Ferdigheter

Helsefagleg oppfølgingMiljøarbeidDokumentasjon i journalsystemMedikamenthandteringRelasjonsbyggingTverrfagleg samarbeid

Lønn

kr 475 300 - kr 551 100

Erfaring

mid-level

Lignende jobber