Autosøk

Styrar ved Syvde barnehage

Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst

Kvia 10, 6140 Syvde, Primær Fylkesveg 652 10, 6140 Syvde

Stillingsbeskrivelse

Styrar ved Syvde barnehage

Det er ledig 100% stilling som styrar i Syvde barnehage frå 01.09.2026. Syvde barnehage er ein barnehage med to avdelingar, som ligg fint til i Syvde med nærleik både til nærmiljø og turområde.

Barnehagen har fokus på tidleg innsats, og har inkluderande barnehagemiljø og språk (ASK) som satsingsområde. I barnehagane i Vanylven har pedagogane oppdekt plantida si i tillegg til at ein har ein ekstra plandag per år.

Arbeidsoppgåver

Til å leie og vidareutvikle Syvde barnehage søkjer vi ein samlande og motiverande leiar, som gjennom eit tydeleg og inkluderande leiarskap medverkar til eit utviklande og godt pedagogisk arbeidsmiljø. Stillinga inneber fullstendig driftsansvar i samsvar med tildelte fullmakter. Styrar rapporterer direkte til kommunedirektør, og sit i kommunedirektøren si leiargruppe. Stillinga er 90% administrativ, medan 10% vil vere på avdeling eller dekke opp vikartimar.

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar
  • Gode pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale
  • Aktivt og godt arbeidsmiljø
  • Spenannde og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Flexitid
  • Erfaringsdeling og god oppfølging
  • Gode forsikringsvilkår

Krav

  • Du må ha godkjend pedagogisk utdanning som barnehagelærar eller anna høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Du må ha erfaring frå barnehagesektoren og gjerne erfaring frå leiing i barnehagefeltet.
  • Du må ha god kjennskap til relevant lov- og avtaleverk samt budsjett- og økonomiarbeid.
  • Du må ha gode digitale ferdigheiter og erfaring med bruk av IKT.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Ferdigheter

BarnehageleiingPersonalleiingPedagogisk utviklingsarbeidBudsjett- og økonomistyringIKT-kompetanseSamarbeidsevnerMotivasjon og leiarskap

Erfaring

mid-level

Lignende jobber