Autosøk

50% stilling som miljøarbeidar - engasjement

Måløy vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune

Nordfjordvegen 9109, 6718 Deknepollen

Stillingsbeskrivelse

50% stilling som miljøarbeidar - engasjement

Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 350 studieplassar fordelt på utdanningsprogramma: studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknologi- og industrifag (TIF) og TAF (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde kurs for maritim sektor.

Arbeidsoppgåver

Oppfølging, rettleiing og støtte for elevar i og utanfor undervisning i samarbeid med lærarar og avdelingsleiar. I stillinga vil du jobbe med elevar innan teknologi- og industrifag og delta i verkstadundervisning.

Kvalifikasjonar

Fagbrev som industrimekaniker, eller anna relevant utdanning. Du trivst med, og har erfaring frå arbeid med barn/unge med spesielle behov.

Personlege eigenskapar

Vi er på utkikk etter deg som er raus og omsorgsfull og som har evne til å skape gode relasjonar til elevane. Du som er tålmodig, men som også kan vere bestemt og strukturert. Du som er fleksibel og likar å jobbe i ein til tider hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver.

Vi tilbyr

Vi tilbyr interessante og utfordrande arbeidsoppgåver. Eit godt arbeidsmiljø med hyggelege og utviklingsorienterte kollegaer. Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland Fylkeskommune sin lønspolitikk. Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. Vikariatet er ledig frå 1. september 2026 til 31. juli 2027.

Krav

  • Du må ha fagbrev som industrimekaniker eller annen relevant utdanning.
  • Du må ha erfaring fra arbeid med barn eller unge med spesielle behov.
  • Du må kunne skape gode relasjoner til elever.
  • Du må være tålmodig, strukturert og kunne være bestemt ved behov.
  • Du må kunne fremlegge gyldig politiattest.

Ferdigheter

MiljøarbeidRettleiingRelasjonsbyggingIndustrimekanikkPedagogisk støtteStrukturert arbeidsmetodikk

Erfaring

junior

Lignende jobber