Helgestilling heimetenesta og korttid og rehabiliteringsavdelingen
Heimetenestene, Time kommune
Røyrvika 12, 4340 Bryne
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Helgestilling heimetenesta og korttid og rehabiliteringsavdelingen
Me søker deg som ønsker å ha fast helgestilling i heimetenesta aust og på korttids- og rehabiliteringsavdelinga i Time kommune. Avdelingane held til sentralt på Bryne og ligg i gangavstand til togstasjonen.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og omsorgsoppgåver i brukaren sin heim og på avdeling.
- Oppfølgning av ernæring.
- Legemiddelhåndtering.
- Dokumentasjon etter lov og forskrift.
- Samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer.
- Turnus med arbeid kvar 3. helg.
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar.
- Løn etter tariff/avtale.
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø.
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling.
- Gode stipendordningar for sjuke- og vernepleiestudentar.
Krav
- Du må ha offentleg godkjenning som sjukepleiar eller helsefagarbeidar, eller vera student innan relevante fag.
- Du må kunna gjera deg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg, med språknivå tilsvarande B2.
- Du må vera over 18 år.
- Du må ha sertifikat for personbil for å arbeida i heimetenesta.
- Det er krav om politiattest før tiltredelse.
Ferdigheter
Pleie og omsorgLegemiddelhåndteringDokumentasjonRelasjonelle ferdigheiterSamarbeidsevnerSertifikat for personbil
Erfaring
entry-level