Autosøk

Konsulent/spesialkonsulent

Hareid kommune, Sektor for velferd

Teigevegen 55, 6060 Hareid

Stillingsbeskrivelse

Konsulent/spesialkonsulent

Hareid kommune har ledig ei 100 prosent fast stilling som konsulent/spesialkonsulent. Stillinga ligg til velferdskontoret, med kommunalsjef for sektor for velferd som næraste leiar. Stillinga inneber i hovudsak sakshandsaming for helse- og omsorgstenester i kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Forvaltning av helse- og omsorgstenester (sakshandsaming).
  • Tverrfaglege samarbeidsmøter.
  • Diverse merkantile oppgåver.
  • Vederlagsutrekning dersom du har erfaring med det.
  • Deltaking i interkommunalt sakshandsamarnettverk.

Vi tilbyr

  • God opplæring.
  • Eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • God forsikring og pensjonsordning.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale.

Krav

  • Du må ha ei treårig relevant høgare utdanning innan administrasjon, helse- eller sosialfag.
  • Du må ha god digital kompetanse og evne til å formulere deg godt både skriftleg og munnleg.
  • Det er ein fordel med vidareutdanning eller erfaring innan sakshandsaming.
  • Du bør ha kjennskap til kommunehelsetenesta og relevant lov- og regelverk.
  • Personleg eignaheit vil bli lagt stor vekt på for å byggje eit godt team.

Ferdigheter

SakshandsamingForvaltningHelse- og omsorgstenesterDigital kompetanseTverrfagleg samarbeidKommunikasjon

Erfaring

mid-level

Lignende jobber