Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Ledig 100% fast stilling som barnehagelærar
Ulvik barnehage har fire avdelingar. To avdelingar med born frå 1 – 3 år, og to avdelingar med born frå 3 – 6 år. Det er kring 45 barn i år. Me er i år 16 tilsette, nokre arbeidar deltid.
Barnehagen ligg på Lekve, om lag to km frå sentrum. Me ligg midt i «smørauga» med lett tilgang til varierte naturopplevingar, gardsbesøk som omfattar både dyrehald og fruktproduksjon, Holmen idrettsarena og Holmen kulturpark. Me har eit godt samarbeid med Haugesenteret i sentrum samt Brakanes skule.
Fokusområde vårt er: Leik, Kropp, rørsle, mat og helse samt Kunst, kultur og kreativitet.
Hovudmålet vårt er: Barnehagen ein plass der alle trivast!
Krav
- Du må ha ei genuin interesse for å arbeide med born og bidra til deira utvikling, leik, læring og trivnad.
- Du må vere ansvarsbevisst og fleksibel i møte med endringar og uforutsette situasjonar.
- Du må ha gode samarbeidsevner og kunne kommunisere godt med born, personale og føresette.
- Du må ha empati og evna til å setje deg inn i bornas kjensler og behov.
- Du må kunne skape tillit og relasjonar.
- Du må like å vere aktiv ute i all slags vêr, samt delta i leik og aktivitetar inne.
Ferdigheter
Pedagogisk arbeidRelasjonsbyggingKommunikasjonSamarbeidsevnerEmpatiFleksibilitet
Erfaring
entry-level