Autosøk

Dagleg leiar -- Kvinnherad Næringsservice

Kvinnherad Næringsservice

5460 Husnes

Stillingsbeskrivelse

Dagleg leiar – Kvinnherad Næringsservice

Vil du vera med å utvikla næringslivet i Kvinnherad? Kvinnherad Næringsservice søkjer ein engasjert og framtidsretta dagleg leiar som vil vere ein pådrivar for lokal verdiskaping, etablering og vidareutvikling av næringslivet i regionen. Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i å styrke samarbeidet mellom næringsliv, kommune og andre samarbeidspartnarar, og bidra til å gjere Kvinnherad til ein attraktiv plass å drive og utvikle verksemd.

Dette vil du ha ansvar for:

  • Leia og utvikle Kvinnherad Næringsservice si verksemd
  • Vere ein aktiv pådrivar for næringsutvikling i regionen
  • Rettleie gründarar og bidra til etablering av nye verksemder
  • Støtte og utvikle eksisterande næringsliv
  • Initiere og drive fram utviklingsprosjekt
  • Bygge nettverk og samarbeid med næringsliv, offentlege aktørar og kompetansemiljø
  • Synleggjere Kvinnherad som attraktiv næringskommune

Jobben hos oss gir deg:

  • Ei sentral og synleg leiarrolle i lokalsamfunnet
  • Store moglegheiter til å påverke utviklinga i regionen
  • Eit breitt nettverk og spennande samarbeidspartnarar
  • Konkurransedyktige vilkår

Krav

  • Du har relevant høgare utdanning, men relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Du har erfaring frå næringslivet, gjerne i ei leiande rolle.
  • Du har god forståing for næringsutvikling og rammevilkår.
  • Du har erfaring med prosjektleiing og samarbeid på tvers av organisasjonar.
  • Du har gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg.

Ferdigheter

NæringsutviklingProsjektleiingNettverksbyggingStrategisk leiingKommunikasjonRelasjonsbygging

Erfaring

mid-level

Lignende jobber