Autosøk

ID 1067 Helsefagarbeider/Miljøarbeider- Eining for habilitering Nattevakt

Havahuset Bu- Og Servicesenter og privat heim

Fitjar

Stillingsbeskrivelse

Helsefagarbeider/Miljøarbeider - Eining for habilitering (Nattevakt)

Eining for habilitering yter tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Me har hovudkontor i Havnahuset bu- og servicesenter, og tilbyr mellom anna heildøgns omsorgstenester i tre bustader og dagtilbod til tenestemottakarane våre.

No har me ledige stillingar som helsefagarbeidar/miljøarbeidar på natt. Nattevaktene har ansvar for oppfølging av både tenestemottakarar innan habiliteringstenesta og bebuarar i omsorgsbustad.

Ledige stillingar

  • 70 % fast stilling – nattevakt ved Havnahuset bu- og servicesenter
  • 22,2 % fast helgestilling – nattevakt ved Havnahuset bu- og servicesenter
  • Inntil 70 % stilling – nattevakt/avlastning i privat heim med oppfølging av barn

Ved Havnahuset går tilsette i turnus med arbeid kvar fjerde helg.

Me kan tilby

  • Ei meiningsfull og variert stilling der du får vera med og gjera ein forskjell i kvardagen til brukarane våre.
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og engasjert fagmiljø.
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer.
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.

Krav

  • Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar eller annan relevant helse- og sosialfagleg kompetanse.
  • Du må ha førarkort klasse B (manuell gir).
  • Du må ha god norsk framstillingsevne, både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha grunnleggjande digitale ferdigheiter.
  • Ved tilsetjing må det leggjast fram politiattest av ny dato.

Ferdigheter

HabiliteringMålretta miljøarbeidRelasjonsbyggingSamarbeidsevnerSjølvstendig arbeidNorsk språk

Erfaring

mid-level

Lignende jobber