Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Vernepleiar ved Sævarhagen avlastningsbustad - Førebyggjande tenester
Har du lyst å gjera ein skilnad i barn og unge sine liv? Då er dette stillinga for deg -- bli med på laget vårt!
Sævarhagen avlastingsbustad gir tilbod til barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar. Brukarane mottek tenester etter individuelle vedtak etter Helse- og omsorgstenestelova. Arbeidet består i å skapa gode dagar gjennom eit fagleg og systematisk arbeid med kvart einskild barn og ungdom i samråd med føresette, ulike andre aktørar og ikkje minst dine gode kollega. Me har nye, flotte fasilitetar i Sævarhagen på Stord.
Me har ledig fast 100% stilling for vernepleiar.
Stillinga har todelt turnus, arbeid 4. kvar helg med langvakter.
Me kan tilby:
- Moglegheita til å vera med å forma framtida sitt avlastningstilbod i Stord kommune
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Offentleg tenestepensjon
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar.
- Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Du må kunne framlegge godkjent politiattest av ny dato ved tilsetjing.
- Du må ha evne til å arbeida systematisk og vera ein lagspelar.
- Du må ha respekt for barnet/ungdommen sin kommunikasjon og vilje til samhandling.
Ferdigheter
VernepleieMiljøterapiASK (Alternativ og supplerande kommunikasjon)Tverrfagleg samarbeidTurnusarbeidKoordinatoroppgåver
Erfaring
mid-level