Bli med i eit prosjekterande team som feilsøker, vedlikeheld og utviklar produksjonen i Lerum
Lerum AS
Kloppavegen 13, 6854 Kaupanger
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Bli med i eit prosjekterande team som feilsøker, vedlikeheld og utviklar produksjonen i Lerum
Lerum er ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy og jus. Den tradisjonsrike verksemda har produsert varer til norske hushaldningar sidan 1907. Lerum søkjer etter automatiker eller automasjonsingeniør. Stillinga vil ha hovudvekt på drift, vedlikehald og feilsøking, og du vil få arbeide prosjektorientert med utvikling, modernisering og optimalisering av automasjonsløysingar i fabrikken.
Arbeidsoppgåver:
- Utføre feilsøkjing, service, installasjonar og reparasjon av anlegg, maskiner og utstyr
- Bidra til å forbetre og optimalisere vedlikehaldsoppgåver
- Arbeide tett på produksjonsavdelingane for å sikre kvalitet og driftstid
- Delta aktivt i fabrikkens forbedringsarbeid
- Delta i prosjektplanlegging og gjennomføring
Krav
- Du må ha fagbrev som automatiker eller høgare utdanning innan automasjon, elkraft eller liknande fagområde.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Du må ha kjennskap til HMS og korleis ulike arbeidsoppgåver utførast på ein trygg og sikker måte.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå industri eller produksjonsverksemd.
Ferdigheter
FeilsøkingVedlikehaldPLS-programmeringSimatic ManagerTIA PortalHMSAutomasjon
Erfaring
mid-level