Autosøk

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

FINN-kode

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Stillingsbeskrivelse

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Er du sjukepleiar/spesialsjukepleiar med interesse for lunge, fordøying og indremedisin? Ser du etter ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø? Då søker vi nettopp deg til sengeposten vår på SNR!

Vi har ledige faste stillingar hos oss. Oppgi gjerne kva stillingsstorleik du ser for deg.

  • 1 x 100 % fast stilling
  • 2 x 80 % fast stilling

Tryggleik, respekt, kvalitet og trivsel er kjerneverdiar i vårt daglege arbeid, i møte med pasientar, pårørande og i samarbeid med kollegaer. Vi er ein sengepost med fokus på høg fagleg kvalitet og eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vi jobber saman i team der vi lærer av kvarandre og gjer kvarandre gode. Fagutvikling er i fokus, og vi legg opp til eigne fagdager i turnus for alle tilsette.

Vi har i utgangspunktet tredelt turnus, men vi vil leggje til rette for at tilsette kan kome med ønskjer for eigen turnusplan. Vi tilbyr også langvakter med arbeid kvar fjerde helg for dei som ønskjer det.

Som tilsett hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. Du får jobbe i eit nytt, moderne og framtidsretta sjukehus. Nye digitale arbeidsverktøy og konsept bidrar både til økt pasientryggleik og bedre arbeidsflyt.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til akutte og kroniske sjuke pasientar
  • Sjukepleieadministrative oppgåver
  • Legemiddelhandtering
  • Arbeid i team rundt pasienten
  • Kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • Samhandling med kommunar

Vi tilbyr

  • Eit godt og positivt arbeidsmiljø
  • Dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Faglege utfordringar
  • Fagutvikling og kompetanseheving
  • Fagdagar i turnus
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Krav

  • Du må vere autorisert sjukepleiar.
  • Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan lunge, fordøyelse, nyre eller diabetes.
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg.
  • Du må vere positiv og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må vere ansvarsbevisst, påliteleg og løysingsorientert.

Ferdigheter

SjukepleieLegemiddelhandteringTverrfagleg samarbeidRettleiingPasientoppfølgingIndremedisin

Erfaring

mid-level

Lignende jobber