Autosøk

Prosjektleiar

Unknown Company

Flakkavågsvegen 14, 5694 Onarheim

Stillingsbeskrivelse

Prosjektleiar

Alsaker Fjordbruk er eit havbrukskonsern i sterk vekst. Me driv ikkje berre tradisjonelt matfiskoppdrett i sjø, men har gjennom mange år investert betydeleg i settefiskanlegg, landbaserte løysingar, teknologiutvikling, serviceverksemd, logistikk, slakteri og eigedom. Konsernet har aktivitet i store delar av Vestland og Rogaland, og står bak både omfattande nybygg, moderniseringar og framtidsretta utviklingsprosjekt.

No søkjer me ein allsidig og erfaren prosjektleiar til varierte prosjekt i vårt konsern. Du vil få ei sentral rolle i planlegging og gjennomføring av prosjekt på tvers av verksemdene våre, frå tidleg fase og prosjektering, til bygging, ferdigstilling og overlevering.

Dine arbeidsoppgåver:

  • Leie og gjennomføre prosjekt frå idéfase til ferdig leveranse
  • Prosjekt- og byggjeleiing av nybygg, utvidingar og tekniske installasjonar
  • Planlegging, framdriftsstyring og koordinering av interne og eksterne ressursar
  • Oppfølging og forhandlingar med leverandørar, entreprenørar og konsulentar
  • Budsjett- og prosjektøkonomi, inkludert prosjektregnskap i samarbeid med økonomiavdelinga
  • Kvalitetssikring, HMS og rapportering i prosjektgjennomføringa
  • Rapportering direkte til øvste leiar
  • Noko reiseverksemd mellom anlegg og prosjekt i konsernet

Krav

  • Du har erfaring frå prosjektleiing innan bygg, industri eller tekniske prosjekt.
  • Du må kunne utarbeide tekniske skisser og løysingar i AutoCAD.
  • Du har god evne til samarbeid og kommunikasjon på tvers av fagmiljø.
  • Du arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert.
  • Du har teknisk forståing og praktisk gjennomføringsevne.

Ferdigheter

ProsjektleiingAutoCADByggjeleiingHMSBudsjettstyringForhandlingar

Erfaring

mid-level

Lignende jobber