Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Vil du bidra til å utvikle og forvalte sentrale ordningar i velferdsstaten? Hos oss får du arbeide med juridiske problemstillingar og regelverksutvikling innan blant anna uføretrygd og hjelpemiddelområdet, i skjeringspunktet mellom politikk, juss og økonomi.
Vi har ledig ei fast stilling som jurist i seksjon for uføreytingar og internasjonale saker i Velferdspolitisk avdeling.
Arbeidsoppgåver
I seksjonen arbeider vi med regelverksavklaring og regelverksutvikling innan uføretrygd, grunn- og hjelpestønad og hjelpemiddelområdet. Vi har også ansvar for å koordinere internasjonale saker i avdelinga, mellom anna knytte til EU/EØS, Europarådet, FN, OECD og Nordisk ministerråd. I tillegg koordinerer vi FoU-arbeidet i avdelinga og har dialog med Arbeids- og velferdsdirektoratet om departementet sitt FoU-arbeid.
Du vil i hovudsak arbeide med avklaring av løpande juridiske spørsmål, særleg knytte til uføretrygd og hjelpemiddel, og samarbeide tett med økonomar i budsjettarbeidet. Arbeidet omfattar juridiske utgreiingsoppgåver, samt arbeid med lov- og forskriftsutvikling innan desse områda.
Kva får du hos oss?
Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaar. Vi legg vekt på å gje ansvar og tillit, men òg rettleiing i eit godt arbeidsfellesskap. Du vil få nærleik til politiske avgjerder.
Krav
- Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen.
- Du må ha relevant arbeidserfaring, helst frå departement.
- Du må kunne bli autorisert for behandling av informasjon gradert AVGRENSA etter tryggingslova.
- Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å jobbe analytisk og strukturert.
- Du må ha god rolleforståing og evne til å balansere faglege vurderingar med politiske omsyn.
Ferdigheter
Lønn
650 000 - 900 000 NOK
Erfaring
mid-level