Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Trafikktryggleik for alle
Vil du bidra i arbeidet for nullvisjonen og målet om at færrast mogleg skal bli hardt skadde i trafikken? Trygg Trafikk er ein ideell organisasjon som arbeider for å oppnå best mogleg trafikksikkerheit for alle trafikantgrupper.
Om rollen
Spesialrådgjevaren skal bistå regionleiaren i Trygg Trafikk Vestland med å sikre at trafikkopplæring og informasjon om trafikksikkerheit vert gjennomført som ledd i ein samordna innsats mot trafikkulykkene.
Arbeidsoppgåver:
- Vere pådrivar overfor kommunane og fylket for å sikre tverrfagleg arbeid med trafikksikkerheit.
- Sikre ivaretaking av trafikkopplæring og trafikksikkerheit i vidaregåande skule, grunnskular og barnehagar.
- Planleggje og gjennomføre trafikantretta trafikksikkerheitstiltak.
- Gjennomføre kampanjar for auka bruk av tryggingsutstyr.
- Publikumskontakt.
Vi tilbyr
- Ein sjølvstendig og utfordrande jobb.
- Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.
- Varierte arbeidsoppgåver.
- Dyktige kollegaer over heile landet.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse og gode forsikringsordningar.
Krav
- Du må ha god forståing for offentleg forvaltning og politiske prosessar.
- Du må ha erfaring frå pådrivar- eller formidlingsarbeid.
- Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne og meistre begge målformer.
- Du må ha kjennskap til trafikksikkerheit som fagfelt.
- Du må vere god på relasjonsbygging og ha erfaring med tverrfagleg samarbeid.
Ferdigheter
Offentleg forvaltningPådrivararbeidFormidlingRelasjonsbyggingTverrfagleg samarbeidTrafikksikkerheitProsjektarbeid
Erfaring
mid-level