Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Om Tednebakkane omsorgssenter
Tednebakkane omsorgssenter ligg i vakre omgjevnader med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden kommune. Vi er ein liten sjukeheim med ein somatisk avdeling, ein demensavdeling og ein skjerma avdeling. Til saman har vi 45 plassar. Kvar avdeling er delt inn i små grupper med 6-8 pasientar. Vi har òg eit dagtilbod med opp til 12 plassar.
Som sjukepleiar/vernepleiar hos oss får du vera med i eit nyetablert sjukepleieteam og kan påverka korleis vi utviklar det. Vi har god fagleg dekning med både sjukepleiarar, vernepleiar, og ergoterapeut. Fleire av sjukepleiarane har spesialkompetanse som blant anna akutt sjukepleie og lindrande behandling.
Vi har no ledig 100% stilling som sjukepleiar på demensavdeling med oppstart snarast.
Arbeidsoppgåver:
- Være ein del av sjukepleiarteamet
- Utføre sjukepleiaroppgåver
- Kartleggje miljøtiltak opp mot bebuar sitt behov
- Dokumentere i journalsystemet CosDoc
- Medisinansvar
- Sjukepleiarkontakt for bebuarar
- Sjå den enkelte bebuar sitt hjelpebehov
- Fremme aktivitet og det sosiale i avdelinga
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Tillegg for sjukepleiarar i fast turnus over gjeldande tariff
Krav
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar.
- 3. års sjukepleiarstudentar vert oppfordra til å søkje.
- Du må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid knytt til eldreomsorg.
- Du må kunne jobbe sjølvstendig så vel som i tverrfagleg team.
Ferdigheter
Lønn
Gjeldande tariff + kr 35.000,- pr. år for sjukepleiarar i fast turnus
Erfaring
junior