Autosøk

Barnehagelærar

Løn etter kompetanse og ihht einkvar tid gjeldande tariff

Skulevegen 31, 4755 Hovden i Setesdal

Stillingsbeskrivelse

Barnehagelærar

Til barnehagen vår på Hovden treng vi ein barnehagelærar i 100% vikariat frå 10.08.26- 31.12.26, med moglegheit for forlenging. Har du lyst på ein annleis periode på fjellet? Vi ser etter deg som set deg ned på golvet. Du som undrar deg saman med barna. Du som veit at leik ikkje er pause frå læring- leik ER læring.

I Bykle kommune får du kollegaer som er opptekne av fag, utvikling og inkludering. Her har vi naturen som leikeplass, høge ambisjonar på barna sine vegne og eit arbeidsmiljø der vi heier på kvarandre.

Arbeidsoppgåver

  • Ha omsorg for alle barna i barnehagen og sjå barnehagen som ein heilskap
  • Medverke til eit godt samarbeid mellom alle som har dagleg tilknyting til barnehagen
  • Ha fokus på barns leik og utvikling av leikemiljøer, delta og rettleie barn i leik
  • Stimulere barns fantasi og skapartrong gjennom å leggje til rette for ulike aktivtetar
  • Vere ein god rollemodell
  • Fylje til einkvar tid gjeldande lovar, forskriftar og planar for barnehage

Vi tilbyr

  • Godt arbeids- og fagmiljø med ein inkluderande personalgruppe
  • Høg pedagogtettheit
  • Eit fagmiljø som satsar på kompetanseutvikling
  • Løn etter kompetanse og ihht einkvar tid gjeldande tariff +40 000 kr i rekrutteringstillegg
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Kommunen har flyttegodtgjersle
  • Gode treningsområde inne og ute, sommar som vinter
  • Bedriftsleilighet i Kristiansand i tillegg til hytte ved sjøen om sommaren
  • Det er krav om politiattest ved tilsetting
  • Bykle er ein distrikskommune og ein får etter å ha vore folkeregistrert i kommunen i 1 år avskriving på studielån på kr 25 000,- per år

Krav

  • Du må ha utdanning som barnehagelærar eller anna relevant pedagogisk høgskuleutdanning.
  • Du må vere fagleg sterk og kunne omdanne teori til praksis.
  • Du må vere god på å bygge og ivareta relasjonar.
  • Du må ha gode kommunikasjons- og formidlingskunnskapar på norsk, munnleg og skriftleg.
  • Du må kunne framvise gyldig politiattest før tiltreding.

Ferdigheter

Pedagogisk leiingRelasjonsbyggingBarns utviklingKommunikasjon på norskSamarbeidsevnerStrukturert arbeidsmetodikk

Lønn

Løn etter tariff + 40 000 kr i rekrutteringstillegg

Erfaring

mid-level

Lignende jobber