Prosjektleiar tunnel - Bybanen Utbygging
EIU- Forvaltning, Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Prosjektleiar tunnel - Bybanen Utbygging
Bybanen er ryggrada i kollektivsystemet i Bergen og ei sentral drivkraft i utviklinga av byen. No søkjer vi ein erfaren prosjektleiar som vil vere med på å realisere byggetrinn 5, Bybanen til Åsane, og andre spennande oppgåver i Bybanen Utbygging.
Arbeidsoppgåver
Dette er ei nøkkelrolle i arbeidet med å leie og førebu bygging av dei komande tunnelentreprisane i prosjektet. Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i å drive fram entreprisar frå prosjektering til ferdigstilling. Du får ansvar for å leie arbeidet frå innkjøpsfase til ferdigstilling av entreprisar og overlevering til eigar.
Vi tilbyr
- Ei leiande nøkkelrolle i prosjektet
- Store faglege utfordringar og reell påverknad
- Eit kompetent og engasjert prosjektmiljø
- Moderne kontorlokale med eige treningsrom og sykkelgarasje med garderobar
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Krav
- Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå som ingeniør eller sivilingeniør innan anleggstekniske fag.
- Erfaring som prosjektleiar, byggjeleiar, anleggsleiar eller tilsvarande.
- God forståing for anleggsgjennomføring og erfaring med handtering av kontraktar og entreprisar.
- God innsikt i HMS-, framdrifts-, økonomi-, kvalitets- og risikostyring.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
Ferdigheter
ProsjektleiingAnleggsteknikkKontraktsoppfølgingHMS-styringRisikostyringTunnelbyggingØkonomistyring
Erfaring
senior