Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Lærar til Baldersheim barneskule
Drøymer du om ein lærarjobb der du verkeleg får tid til å sjå den enkelte eleven? Baldersheim barneskule ligg vakkert til ved Bjørnafjorden, omgitt av natur og eit engasjert lokalmiljø. Skulen er liten, med om lag 16 elevar fordelte på to grupper. Dette gir gode moglegheiter for tett oppfølging, sterke relasjonar og tilpassa opplæring.
Hos oss får du vere ein viktig vaksen i elevane sin kvardag og bidra til både fagleg og sosial utvikling i eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Vi har felles lokasjon med barnehagen og arbeider saman for å skape eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Kontaktlæraransvar
- Undervisning på 1.-7. trinn
- Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
- Samarbeid med føresette og kollegaer
- Deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid
Vi tilbyr
- Ein liten skule med korte avstandar og tett samarbeid
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Moglegheit til å påverke og bidra til utvikling av skulen
- Mentorordning og fagleg støtte for nyutdanna lærarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Krav
- Du må ha godkjend lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Du må vere ein trygg og tydeleg klasseleiar som byggjer gode relasjonar.
- Du må kunne samarbeide godt med elevar, føresette og kollegaer.
- Du må kunne leggje fram tilfredsstillande politiattest.
Ferdigheter
KlasseleiarutviklingRelasjonsbyggingUndervisningsplanleggingNynorsk kompetanseSamarbeidsevnerTilpassa opplæring
Erfaring
junior