Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Fengselsinspektør - aspirantleiar
Åna fengsel søkjer midlertidig fengselsinspektør med ansvar for aspirantopplæring, i 100 % stilling for perioden august 2026 til og med juli 2027.
Åna fengsel er eit opplæringsfengsel i samarbeid med Kriminalomsorgens utdanningssenter KRUS. Dette inneber å leggje til rette for aspirantar under utdanning til fengselsbetjentstudiet i trå med den praktiske og teoretiske opplæringsplanen til KRUS. Aspirantleiar inngår i leiargruppa i Åna fengsel.
Arbeidsoppgåver
- Personal- og oppfølgingsansvar for aspirantrettleiarar og aspirantar i dei praktisk teoretiske semestra av utdanninga på vegne av Kriminalomsorgens høgskule og utdanningssenter KRUS.
- Ansvarleg for planlegging og gjennomføring av opplæring av aspirantar i trå med studieplan, årsplan og andre føringar frå KRUS.
- Fagleg ansvarleg for gjennomføring av undervisninga av aspirantar i samarbeid med KRUS, som gjennomføring av undervisning, rettleiing, tryggleiksvurderingar og sensur av innleverte oppgåver.
- Disponering og oppfølging av aspirantar i praksis ved eininga.
- Bidra til utvikling og gjennomføring av undervisning for vikarar og eksterne samarbeidspartar.
- Oppgåver innan HMS-arbeidet ved Åna fengsel.
Vi tilbyr
- Meningsfulle oppgaver i en etat med et viktig samfunnsoppdrag.
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasse.
- Godt arbeidsmiljø i et mangfold av fagområder.
- Gratis parkering og el-billader tilgjengelig for ansatte.
Krav
- Du må ha bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS.
- Du må ha god kunnskap og erfaring i bruk av IKT-system eller verktøy.
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Det er ønskjeleg med relevant utdanning på master- eller bachelornivå.
- Det er ønskjeleg med kompetanse og/eller erfaring innan leiing, undervisning og/eller påverknadsarbeid.
- Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett, dokumentert med uttømmande politiattest.
Ferdigheter
LeiingUndervisningRettleiingHMS-arbeidTryggleiksvurderingIKT-systemPlanlegging
Lønn
700 000 - 820 000 NOK
Erfaring
mid-level