Autosøk

Medarbeider i aktiviseringsteam

For fengselsbetjent (0264) gjeld:

Åna, 4365 Nærbø

Stillingsbeskrivelse

Medarbeider i aktiviseringsteam

Åna fengsel har ledig fast, full stilling i aktiviseringsteam. Medarbeidarar i aktiviseringsteam arbeider to-skift, med helgearbeid. Som tilsett i aktiviseringsteam har du ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, hente inn og vurdere informasjon og saksbehandling.

Arbeidsoppgåver

Aktiviseringsteamet skal bidra til å førebygge isolasjonsskader og aktiviserer innsette som ikkje klarer å delta i ordinær arbeidsdrift. Teamet skal gi eit eigna tilbod til målgruppa, som fysisk aktivitet, fritidsaktivitetar, individuelle- og gruppeaktivitetar eller annan meiningsfull aktivitet og menneskeleg kontakt. Aktivitetsteamet skal stå for oppfølging av innsette som er i fare for å isolere seg, samt utføre kartleggingar og risikovurderingar.

Vi tilbyr

  • Meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag.
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt.
  • Gratis parkering og tilgang til el-billadar.
  • Eit aktivt bedriftsidrettslag.
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.

Krav

  • Du må ha relevant utdanning som fengselsbetjent, sosialfagleg høgskuleutdanning, eller relevant yrkeserfaring.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Du må ha god kunnskap og erfaring i bruk av IKT-system eller verktøy.
  • Det er eit krav at opplæring i fysisk maktbruk blir bestått.
  • Du må kunne framlegge ein uttømmande politiattest utan merknader.

Ferdigheter

KonflikthandteringGrensesetjingRisikovurderingMiljøterapeutisk arbeidSaksbehandlingTeamarbeidIKT-kompetanse

Lønn

474 000 - 650 000 NOK avhengig av stillingstype og ansiennitet

Erfaring

mid-level

Lignende jobber