Autosøk

Byggeleiar

FINN-kode

Lars Hilles gate, 5008 Bergen

Stillingsbeskrivelse

Byggeleiar

Avdelinga for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune har ansvar for om lag 5600 km fylkesveg. Vi arbeider for trygge kvardagsvegar og vi skal planlegge og bygge vegane våre slik at dei er sikre og tilpassa framtida. Vi er ein stor byggherre innan samferdsle og har mange spennande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.

Arbeidsoppgåver

Som byggeleiar hos oss vil du få ansvar for å følge opp fornying og drift av veglys i Vestland fylkeskommune. Dette er eit prosjekt som krev godt samarbeid med mange kommunar. Du vil også arbeide tett saman med prosjektleiarar, andre byggeleiarar og kontrollingeniørar.

Ansvarsområder vil vere:

  • Teknisk og økonomisk ansvar for gjennomføring og evaluering av kontrakten/prosjektet
  • Følge opp og rapportere på økonomi, kvalitet, fremdrift og HMS
  • Oppfølging av utførande entreprenørar gjennom regelmessige byggemøter
  • Arbeidsleiing av kontrollingeniørar
  • Finne god tekniske løysingar ved fornying av anlegg
  • Koordinere arbeidet med andre faggrupper og etatar
  • Ansvarleg for kontakt med offentlege etatar, grunneigarar og andre som vert berørd av anleggsarbeidet

Vi tilbyr

Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø og vil ha varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver, med gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling. I tillegg får du mellom anna:

  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Tilgang på tenestebil

Krav

  • Du har relevant høgare utdanning, eller fagbrev som elkraft/energimontør kombinert med teknisk fagskule og relevant erfaring.
  • Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Du har god kompetanse i å nytte IKT-verktøy.
  • Du evnar å arbeide sjølvstendig og har god gjennomføringsevne.

Ferdigheter

ProsjektleiingHMS-oppfølgingKontraktsoppfølgingØkonomistyringSamhandlingIKT-verktøyTeknisk forståing

Erfaring

mid-level

Lignende jobber