Autosøk

Barne og ungdomsarbeidar SFO

Klepp kommune, Orstad skule

Skogvegen 26, 4353 Klepp Stasjon

Stillingsbeskrivelse

Barne og ungdomsarbeidar SFO

Er du ein leiken, kreativ og omsorgsfull vaksen? Me søkjer ein blid og kvikk medarbeidar som er sjølvstendig og fleksibel i møte med barn, føresette og kollegaer, som kunne tenkja seg å vera her med oss i Orstad SFO.

Arbeidsoppgåver

  • Gje omsorg og skapa trivsel.
  • Bidra til den sosiale utviklinga og trivselen til barna.
  • Rettleia barn i leik og fritidsaktivitetar inne og ute.
  • Skapa eit trygt og positivt miljø for barn, føresette og kollegaer.
  • Byggja gode relasjonar med barna og hjelpa barna til å byggja relasjonar med kvarandre.
  • Bidra i planlegginga av innhaldet i SFO i tråd med rammeplanen.
  • Gjennomføra aktivitetar med barnegrupper.

Vi tilbyr

  • Eit godt og engasjert arbeidsmiljø.
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver og kvardagar.
  • Medråderett, medansvar og rettleiing.
  • Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar.

Krav

  • Du må ha eit ynskje og evne til å aktivisera barn i leik og gjennom aktivitetar.
  • Det er ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men relevant erfaring kan kompensere for dette.
  • Du må meistre norsk på eit godt nivå, minimum språktest nivå B1.
  • Du må vere ein trygg vaksen som evnar å setje grenser med varme og omsorg.
  • Du må like å vere ute i alle årstider og vere aktiv i samspel med elevane.

Ferdigheter

OmsorgsevneRelasjonsbyggingKommunikasjonSamarbeidsevneAktivisering av barnFleksibilitet

Erfaring

entry-level

Lignende jobber