Autosøk

Driftsoperatør - Settefiskanlegg

Kven me ser etter?

Støavegen 98, 5640 Eikelandsosen

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Eide er eit familieeigd selskap, og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. No ser me etter ein ny kollega på settefiskanlegget vårt K.J Eide i Hålandsdalen. Som driftsoperatør blir du ein viktig del av teamet vårt og vil bidra til at me når verksemda sine mål og visjonar.

Eksempel på arbeidsoppgåver:

  • Fôring og røkting av fisk
  • Drift og førebyggjande vedlikehald av anlegget
  • Orden, reinhald og smitteførebyggjande arbeid
  • Mottak og kontroll av fôr
  • Bidra til kontinuerleg forbetring av verksemda sitt kvalitetssystem og arbeidsrutinar

Me tilbyr:

I Eide tør me å satse - både på visjonar og på folk. Som driftsoperatør hos oss blir du ein viktig lagspelar i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.

Krav

  • Du har fagbrev eller utdanning innan akvakultur, eller anna relevant erfaring frå havbruk.
  • Du er motivert for å arbeide med fisk og oppdrett.
  • Du er oppteken av berekraft, fiskehelse og god produksjon.
  • Du bidreg til ein god HMS-kultur og arbeider strukturert.
  • Du tek ansvar, arbeider sjølvstendig og viser initiativ.
  • Du samarbeider godt og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.

Ferdigheter

AkvakulturFiskevelferdDrift og vedlikehaldHMS-kulturSmitteførebyggingProduksjonsstyring

Erfaring

mid-level

Lignende jobber