Autosøk

Lege i spesialisering indremedisin

AVDELING MEDISIN ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Stillingsbeskrivelse

Lege i spesialisering indremedisin

Vi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig vikariat for lege i spesialisering indremedisin. Vi har ledig vikariat i spesialiseringsløp innan indremedisin med tilsetjing frå 1.9., eller etter avtale.

Medisinsk avdeling er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus. Den inneheld tre sengepostar, poliklinikkar, dialyseeining og intensivsenger. Avdelinga har alle fagseksjonar innanfor indremedisin inkludert egen slageining. Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS3 til stades heile døgnet og seksjonert bakvakt i kardiologi og nefrologi i tillegg til generell bakvakt.

Seksjonen er kjent for eit godt og trygt arbeidsmiljø med samarbeid og høgt fagleg nivå som viktige mål. Høg kvalitet på LIS-utdanning blir prioritert. Vi har fadderordning for nye LIS og har følgevakt i starten.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid ved poliklinikk og sengepost
  • Deltaking i avdelinga si vaktordning (akuttmottak)
  • Supervisjon/rettleiing av LIS1
  • Internundervisning
  • Utviklings- og forbetringsarbeid

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Krav

  • Du må ha norsk autorisasjon som lege.
  • Du må ha godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning.
  • Du må ha gode kommunikasjon- og samarbeidsevner internt og eksternt.
  • Du må ha evne til fleksibilitet i arbeidet.
  • Du må ha gode språkkunnskapar i norsk eller skandinavisk, både munnleg og skriftleg.

Ferdigheter

IndremedisinKlinisk arbeidAkuttmedisinSamarbeidsevnerKommunikasjonVeiledningFleksibilitet

Erfaring

junior

Lignende jobber