Avdelingsleiar
Bufetat
Jens Hystadsvei, Leirvik, 5401 Stord, Almerket 30, 5750 Odda, Motorhallen, Solheimsgaten 13, Inngang B, 5058 Bergen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga og arbeidsstaden
Ved Bergen og omland familiekontor har vi ledig fast avdelingsleiar-ressurs. Ressursen skal fordelast med arbeidsstad på våre 3 lokasjonar med 60% i Bergen, 20% på Stord og 20% i Odda. Dei som vert tilsette skal ha arbeidsstad på kvar sin lokasjon.
Hos oss vil du verte ein del av ei leiargruppe i eit engasjert og fagleg sterkt arbeidsmiljø, der du vil få moglegheit til å påverke den daglege drifta og våre framtidige planar.
Arbeidsoppgåver
Mål for stillinga er å sikre stabil drift og bemanning. Ditt ansvar vil vere:
- Å ta kloke avgjerder, samtidig som du leier med fagleg tryggleik, ro, tillit, og etisk medvit.
- Å ha god rolleforståelse og nærvær.
- Sørgje for stabilitet gjennom dagleg drift, oppfølging og ivaretaking av personal og brukarar av tenesta.
- Å bidra aktivt til god intern og ekstern samhandling.
- Å kunna omsetje overordna føringar og prioriteringar til dagleg praksis.
- Handtere både operativt ansvar og langsiktig planlegging.
Kva får du hos oss?
Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, i lønnsspenn med kr 700.000 - 800.000 pr. år i aktuell stillingsstørrelse. Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar.
Krav
- Du må ha relevant høgare helse- og sosialfagleg utdanning på bachelornivå eller masternivå.
- Du må ha god evne til samhandling med andre.
- Du må ha god evne til struktur og planlegging.
- Du må ha gode digitale ferdigheiter og erfaring med rapportering og dokumentasjon.
- Du må ha gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk.
Ferdigheter
Lønn
700.000 - 800.000 NOK
Erfaring
mid-level