Autosøk

Undervisningstilling Haus skule

Osterøy kommune

Votlavegen 54, 5286 Haus

Stillingsbeskrivelse

Undervisningstilling Haus skule

Haus skule har ledig ei vikariat i undervisningsstilling for vår flotte 6.klasse. Stillinga er 100% og ledig frå 05.10.2026 og er ledig til 31.07.2027.

Hjå oss møter du ei positiv elevgruppe og engasjerte kollegaer. Vi legg vekt på variasjon i undervisningsmetoder og tilpassing til den enkelte sine behov. Vi ønsker at våre elevar skal oppleva læringsglede, mestring og inkludering.

Arbeidsoppgåver

  • Kontaktlærar ansvar.
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning i tråd med LK20.
  • Bidreg til å skapa eit godt læringsmiljø og klassemiljø.
  • Tett samarbeid med føresette og kollegaer.
  • Deltek aktivt i skulen sine satsingsområde.

Vi tilbyr

  • Kort reiseveg frå Bergen kommune: Kun 10 min frå Arna og gratis parkering rett ved skulen.
  • Ein liten og oversiktleg skule, med tid til kvar enkelt elev.
  • Godt kollegasamarbeid.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons- og forsikringsordningar.

Krav

  • Du må ha godkjent utdanning i tråd med opplæringslova, fortrinnsvis GLU 1.-7., GLU 5.-10. eller allmennlærarutdanning.
  • Du må ha gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg.
  • Du må kunne leggje fram godkjent politiattest før tiltredelse i stilling.
  • Du må vere positiv, engasjert og ønskje å bidra aktivt i elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du må kunne byggje relasjonar og bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø.

Ferdigheter

UndervisningKontaktlæraransvarLK20 (Læreplanverket)RelasjonsbyggingKlasseleiingOffice 365Visma

Erfaring

mid-level

Lignende jobber