Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Assistent
Søvik barnehage har ledig eit vikariat inntil 30 % stilling som assistent i perioda 01.08.2026 – 31.12.2026.
Søvik barnehage har tre avdelingar og ligg i naturskjønne omgjevnader med nærleik til fjøre, skog og fjell. Barnehagen har eige naust, båt og gapahuk ved strandkanten. Vi har eit aktivt og inkluderande arbeidsmiljø med fokus på leik, utvikling og gode relasjonar.
Vi søkjer deg som er engasjert, omsorgsfull og bidreg til å skape trygge og meiningsfulle dagar for barna.
Arbeidsoppgåver
- Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn.
- Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa.
- Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet.
- Delta aktivt i barnehagen sitt endrings- og utviklingsarbeid.
- Bidra til godt foreldresamarbeid.
Krav
- Du må ha gode norskkunnskapar, og dersom du har eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må du fylle språkkravet i Barnehagelova §18b.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i barnehage.
- Du må vere glad i friluftsliv og uteleik.
- Du må vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring.
- Du må kunne jobbe sjølvstendig i det daglege arbeidet.
Ferdigheter
OmsorgsevneFriluftslivSamarbeidsevnerPedagogisk forståingKommunikasjon på norskFleksibilitet
Lønn
Løn etter gjeldande tariff.
Erfaring
entry-level