Vitskapleg assistent (50 %) i samtidskunst ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst
Universitetet i Bergen
Møllendalsveien 61, 5009 Bergen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Vitskapleg assistent (50 %) i samtidskunst ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst
Ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst er det ledig ei åremålsstilling for 2 år som vitskapleg assistent (50%) knytt til masterprogrammet i samtidskunst, med ønska oppstart frå oktober 2026.
Vi søker etter ein vitskapleg assistent som i hovudsak vil ha oppgåver knytt til fagleg koordinering av masterprogrammet i samtidskunst. Assistenten vil få delta i ei spennande fase for programmet og arbeide i eit dynamisk undervisningsmiljø med gode faglege utviklingsmoglegheiter.
Arbeidsoppgåver:
- Fagleg koordinering av ulike læringsaktivitetar (seminar og utstillingar medrekna), eksamen og opptak
- Tilrettelegging av studentars studiotilbod relatert til MA ART-emne
- Samarbeid med programstyret og dei emneansvarlege i masterprogrammet
- Samarbeid med tilsvarande vitskapleg assistent for Kunstakademiet sitt bachelorprogram
- Bidra til vidare utvikling av programmet
Krav
- Du må ha mastergrad, fortrinnsvis innan samtidskunst.
- Du må ha gode språkkunnskapar og formuleringsevne i norsk eller engelsk, både munnleg og skriftleg.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsbevisst og fleksibel.
- Du må vere serviceinnstilt og imøtekommande.
- Du må ha gode samarbeidsevner og ei strukturert arbeidsform.
- Du må ha kjennskap til relevante rørsler i samtidskunsten.
Ferdigheter
Fagleg koordineringSamtidskunstAdministrasjonKommunikasjonStrukturert arbeidsformSamarbeidsevner
Lønn
519 400 – 550 000 (fulltidsstilling)
Erfaring
entry-level