Autosøk

Ledig stilling som tilkallingvikar ved Anders Svor-museet

Stiftinga Viti

Hornindal, 6763 Hornindal

Stillingsbeskrivelse

Ledig stilling som tilkallingvikar ved Anders Svor-museet

Er du serviceinnstilt og har interesse for kunst og kultur? Stiftinga Viti søkjer deg for tilkallingsoppdrag som museumsvert ved Anders Svor-museet!

Anders Svor-museet ligg idyllisk til ved Hornindalsvatnet. Den arkitektteikna bygninga frå 1953, omgjeven av ein vakker skulpturpark, er vigd bilethoggaren Anders Svor (1864–1929). Anders Svor-museet er ein del av Stiftinga Viti og ligg under avdeling for kunst.

Arbeidsoppgåver:

  • Opning og stenging av museet
  • Yte service og gje informasjon til publikum
  • Billettsal og anna sal i museumsbutikken
  • Mottak av publikumsgrupper
  • Vakthald i museet
  • Vertskap ved arrangement
  • Noko reinhald
  • Museumsfaglege oppgåver tilpassa kvalifikasjonar

Stillinga følgjer ikkje fast turnus, og ein må rekne med arbeid både på dag- og kveldstid, i vekedagar og helg.

Krav

  • Du må ha interesse for kunst og kultur.
  • Du må vere imøtekomande og serviceinnstilt i møte med publikum.
  • Du må vere punktleg og påliteleg i arbeidet.
  • Du må vere fleksibel med tanke på arbeidstid, inkludert kveld og helg.

Ferdigheter

ServiceinnstillingBillettsalVertskapInformasjonsformidlingVakthald

Lønn

kr 389 100

Erfaring

entry-level

Lignende jobber