Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Sjukepleiar - 100% fast
Vil du vere med på å skape framtidas eldreomsorg? På Vinje sjukeheim får du høve til å bruke kompetansen din der den verkeleg betyr noko.
Me ser etter ein engasjert sjukepleiar som vil bidra til å vidareutvikle eit fagmiljø der trivsel, omsorg og kvalitet står i sentrum. Hos oss får du ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, god støtte frå kollegaer og eit miljø der me heiar på kvarandre.
Dette er Vinje sjukeheim:
- Avdeling tilpassa personar med demens: 13 plassar, fordelt på to grupper
- Somatisk langtidsavdeling: 12 plassar
- Korttid/rehabilitering: 9 plassar (2 KAD-plassar)
Som sjukepleiar blir du ein viktig del av eit tverrfagleg team som samarbeider tett for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt. Me nyttar årsturnus, noko som gir deg betre moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og planleggje fritida di for heile året.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiaroppgåver, både administrative og prosedyrer i direkte kontakt med bebuarar
- Rettleie og gje opplæring til kollegaer, bebuarar og deira pårørande
- Samtaler og tett kontakt med pårørande
- Dokumentasjon - tiltaksplanar og oppfylging
- Bidra til fagutvikling på avdelinga
- Utvida administrativt ansvar ved fråvær av leiar (kveld/natt/helg)
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Du må ha gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar.
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må vere fleksibel og endringsvillig.
Ferdigheter
SjukepleieDokumentasjonRettleiingTverrfagleg samarbeidGeriatriPasientoppfølging
Erfaring
entry-level