Autosøk

Helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar ved heimesjukepleia i Lom

Lom Kommune Sentraladministrasjon

Lom

Stillingsbeskrivelse

Helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar ved heimesjukepleia i Lom

Vil du vere med og gjere ein forskjell -- kvar dag? I heimesjukepleia i Lom kommune er ingen dagar heilt like. Her møter du menneske i ulike livssituasjonar, byggjer gode relasjonar og bidreg til at innbyggjarane våre kan bu trygt og godt heime så lenge som mogleg.

Nå har vi ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar, og vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt. Hjå oss blir du del av eit inkluderande fagmiljø med engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tett på tvers av tenestene og er opptekne av å utvikle gode og heilskaplege helse- og omsorgstenester.

Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine

  • Gi pleie, behandling og oppfølging til brukarar i eigen heim.
  • Bidra til at brukarane opplever trygge, heilskaplege og gode tenester.
  • Samarbeide med pårørande, kollegaer og andre faggrupper.
  • Dokumentere og planleggje arbeidet i Profil og Mobil Omsorg.
  • Ta i bruk og bidra til vidare utvikling av velferdsteknologiske løysingar.
  • Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid og vere med på å utvikle tenesta.

Vi tilbyr:

  • 100 % fast stilling med oppstart etter avtale.
  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
  • Fagmøtetid i turnus.
  • Tett samarbeid på tvers av fagområde og tenester.
  • Moglegheit til å påverke utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester i Lom kommune.
  • Turnus med dag-, kveld- og nattevakter, og for tida arbeid kvar tredje helg.

Krav

  • Du må vere autorisert helsefagarbeidar eller omsorgsarbeidar.
  • Du må ha førarkort klasse B.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du må kunne leggje fram gyldig politiattest ved tilsetting.

Ferdigheter

Pleie og omsorgDokumentasjon (Profil/Mobil Omsorg)VelferdsteknologiSamhandling med pårørandeTverrfagleg samarbeid

Erfaring

junior

Lignende jobber