Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Tilkallingsvikar Hjellbakkane barnehage
Hjellbakkane barnehage søkjar etter tilkallingsvikarar. Bli med å få verdas viktigaste verdiar til å vokse, i eit trygt fellesskap!
Hjellbakkane barnehage har som mål at alle barn skal oppleve bevegelsesglede og glede i samhandling med kvarandre og naturen kvar dag. Barna skal få gode opplevingar, og vi ynskjer at dei skal ta med seg gode vanar og erfaringar vidare i livet. Hjellbakkane barnehage flyttar heile barnehagen ut til ein anna lokasjon 5 veker i året, så eit engasjement for friluftsliv og natur er nødvendig når ein er i vår barnehage.
Vi ynskjer tilkallingsvikarar som bidrar og gir av seg sjølv, som set barnet i fokus, og vil vere med å skape gode og innhaldsrike kvardagar for barna.
Vi tilbyr:
- Attraktivt pedagogisk konsept (Skogsmulle-pedagogikken)
- Aktivt fagmiljø og engasjerte kollegaer
- Godt arbeidsmiljø med fleire menn i barnehagen
- Tariffavtale (PBL)
Politiattest må framleggas før tilsetting.
Krav
- Du må ha gode allmennkunnskapar.
- Du må ha stor interesse for friluftsliv og natur.
- Du må ha interesse for arbeid med barn.
- Du må ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel.
- Du må ha gode kommunikasjonsevner.
Ferdigheter
Erfaring
entry-level